Your rating:
Fosses storverk «Septologien» kom ut i tre bøker i 2019, 2020 og 2021. Bøkene hausta glitrande kritikkar, fekk Bragepris og Kritikarpris og vart to gonger nominerte til den høgthengande Bookerprisen. No er verket samla i éi bok. Det handlar om kunstmålaren Asle som bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
Published: Jan 01, 2022
|Est. Pages: 895
|View All Languages & Editions