Brev til ein ung diktar

Brev til ein ung diktar

Rainer Maria Rilke

Enjoyment: Quality: Characters: Plot:

"Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må." Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? ... Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta ... Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre. Korrespondansen som oppstod mellom dei - Brev til ein ung diktar - er sidan lesen og elska av unge som gamle - diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk. Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk.

Publication Year: 1929


From the Forum

No posts yet

Kick off the convo with a theory, question, musing, or update

Recent Reviews

Your rating:

  • Annen
    Jun 03, 2025
    Enjoyment: Quality: Characters: Plot:

    0
    comments 0
    Reply
  • View all reviews
    Community recs if you liked this book...